Folkehelse i kommuneplanen sin samfunnsdel – erfaringar frå Volda kommune


Volda kommune sin samfunnsdel vart vedteken av Volda kommunestyre 26. mai 2016. Volda kommune ynskjer å tenkje «helse i alt vi gjer» og folkehelse er eit overordna og førande prinsipp i heile planen. I tillegg er folkehelse framheva som eit av åtte hovudtema. Kvifor har Volda kommune velt å ha fokus på folkehelse i kommuneplanen sin samfunnsdel? Korleis har kommunen jobba med tema folkehelse undervegs i prosessen, og korleis er folkehelseutfordringar konkretisert i planen?

:Regine Solberg Aklestad (2018), Planleggar og miljørådgjevar Volda kommune

Kvifor folkehelse i samfunnsdelen?

Lov om folkehelsearbeid, gjeldande frå 2012, tek føre seg fem viktige prinsipp;

  • medverknad,
  • berekraft,
  • helse i alt vi gjer,
  • føre var, og
  • utjamning av sosial ulikskap i helse.

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje innbyggjarane si helse, ved å fjerne eller redusere faktorar som fører til sjukdom eller styrke faktorar og aktivitetar som fører til god helse.

Helse er å meistre kvardagens krav. Alle kommunale tenester har eit ansvar for å legge til rette slik at alle innbyggjarane skal kunne meistre liva sine og få nytte ressursane sine til beste for seg sjølv og samfunnet rundt seg. Når samfunnet er lagt godt til rette, vil folk kunne trivast og oppleve god helse og livskvalitet.

Ressursprioriteringa i helsetenesta har historisk vore prega av reparasjon. Dette er dyrt, og over tid gir dette negativ effekt i tenestekjeda. Folkehelselova legg ansvar på kommunane for å ha oversikt over helsetilstanden i kommunen, og å leggje til rette for at folk har god helse. Difor må vi tenkje annleis og snu ressursinnsatsen i tenestekjeda til tidleg innsats. Dette gjeld særleg i høve til barn og unge, men også i tenestene retta mot vaksne som treng omsorg. Livskvaliteten aukar ved meistring i alle livsfasar, og når individa er meir sjølvhjelpne vil også behovet for tenester verte redusert.

I følgje Verdas helseorganisasjon (WHO) er det berre ti prosent av befolkninga sine helseproblem helsetenesta kan gjere noko med. Dei resterande 90 prosentane vert påverka av tilhøve utanfor helsetenesta (oppvekst, barnehage, skule, kultur- og næringsliv, arbeidsliv, frivillig sektor, dvs. generelt i lokalsamfunnet). Difor er det også avgjerande at alle sektorane i kommunen tek aktiv del i folkehelsearbeidet.

Kommuneplanen skal vere kommunen sitt overordna styringsdokument, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen. I 1994 var Volda kommune med på grunnlegginga av “norsk nettverk av Helse- og Miljøkommuner” (no “Sunne kommuner – WHO’s norske nettverk»), og kommunen var tidleg ute med å ha helse som tema i kommuneplanen. Målretta folkehelsearbeid gjennom mange år kan ha samanheng med at Volda nå gjer det godt på fleire folkehelsebarometer. Dette viser at folkehelsearbeid nytter, og det er viktig å halde fram med dette arbeidet. Volda kommune ynskte å vidareføre desse prinsippa i revidering av ny kommuneplan, og i kommuneplanen sin samfunnsdel som vart vedteken mai 2016, er folkehelse eit overordna og førande prinsipp for heile planen.

Korleis har kommunen jobba med tema folkehelse undervegs i prosessen?

Medverknad er eit viktig prinsipp i folkehelsearbeidet, og Volda kommune hadde ei rekkje ulike medverknadsprosessar i samband med samfunnsdelen. Hausten 2016 leigde prosjektgruppa eit lokale i Volda sentrum. Her vart «folk i gata» invitert inn for å seie si meining om ulike tema knytt til kommuneplanen. Målet var å vere ute blant folk og hente innspel frå dei som normalt ikkje møter opp på tradisjonelle folkemøte eller liknande arrangement. I tillegg til prosjektkontoret vart det denne veka delt ut små spørsmålshefte på kafear, ferga og større arbeidsplassar, der folk kunne svare på ulike spørsmål knytt til kommuneplanen. Innspel og kommentarar vart samla i heftet «Folk i gata», som seinare vart overrekt kommunestyret.

Ungdomsrådet  Volda ynskte å delta aktivt i prosessarbeidet, og hadde kommuneplanen som tema på fem møte hausten 2016. Ungdomsrådsrepresentantane fekk utdelt oppgåvehefte med spørsmål knytt til samfunnsdelen, som dei tok med seg til skulene sine. Der henta dei innspel frå klassane, elevrådet eller vennegjengen. På ungdomsrådsmøta vart innspela presentert og diskutert. Innspela vart til slutt samla i heftet «Melding frå dei unge. Innspel frå born og unge til kommuneplanen for Volda». Heftet vart trykt opp og høgtideleg overrekt kommunestyret og administrasjonen på eit kommunestyremøte.

Høgskulen i Volda har ein sentral funksjon i Voldasamfunnet, og studentane er ein viktig del av befolkninga. Difor vart det laga eit eiga medverknadsopplegg for studentar. Innspela vart samla i eit dokument «Innspel frå studentar til kommuneplanen sin samfunnsdel». Hausten 2016 deltok prosjektgruppa for kommuneplanen på eit møte med Volda pensjonistforening, der det vart samla inn innspel frå pensjonistar til kommuneplanen.

I tillegg til prosjekta nemnt over var det også gjennomført ulike medverknadsprosjekt med kommuneadministrasjonen, næringslivet, idrettsrådet, grendalag, Volda læringssenter, eldrerådet, kommunalt råd for funksjonshemma, politikarar og andre. Innspela vart samla i ulike hefter, som undervegs i prosessen vart overrekt kommunestyret og lagt ut på kommunen sine heimesider.

Folkehelse var eit sentralt tema i medverknadsprosessane, både på eit overordna nivå, og i konkrete spørsmål som;

  • «Kva skal til for at du vil sykle oftare til og frå jobb?»,
  • «Korleis kan ein motverke einsemd?»,
  • «Korleis førebygge rusmisbruk?», og
  • «Korleis legge til rette for gode bumiljø»?

Folkehelsekoordinatoren i kommunen var med i prosjektgruppa for kommuneplanen sin samfunnsdel, og hadde ein sentral rolle i dei ulike medverknadsprosessane.

Korleis er folkehelseutfordringar konkretisert i planen?

Folkehelse handlar om førebyggande arbeid innan alle kommunen sine verksemder, og det er avgjerande at ein tenkjer «helse i alt vi gjer». Difor er folkehelse definert som eit overordna og førande prinsipp. Samtidig er folkehelse eit av åtte hovudtema i planen. I kapittelet der folkehelse er hovudtema vert nokre av Volda kommune sine hovudutfordringar knytt til folkehelse trekt fram. Ungdata-undersøkinga og statusrapporten «Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i Volda» var viktige kjelder for å definere hovudutfordringane. For å møte nokre av desse hovudutfordringane er det i dette kapittelet også definert konkrete mål og strategiar som kommunen ynskjer å satse på i planperioden. Innspel frå dei ulike medverknadsprosjekta vart nytta aktivt i arbeidet med å definere og formulere mål og strategiar.

For å lukkast med folkehelsearbeidet er det viktig at mål og strategiar i samfunnsdelen vert fylgt opp i kommuneplanen sin arealdel og vidare arbeid. Difor inneheld samfunnsdelen også føringar for vidare arbeid med arealdelen, og når Volda kommune nå held på med rulleringa av kommuneplanen sin arealdel er folkehelse framleis eit sentralt tema.

 Last ned:

 

 

 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 44ee25
(Skriv inn koden over.)