Foreslå kandidatar til Karl Evang-prisen 2015


Veit du om ein person eller ein organisasjon som fortener Karl Evang-prisen i år? Frist for å sende inn forslag til kandidatar er 19. august 2015.

Karl Evang-prisen vart oppretta i 1981 som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold.

Kriterium for tildelinga

Karl Evang-prisen for 2015 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje

  • folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne
  • rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta
  • opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige barnevern-, helse- eller sosialpolitiske spørsmål.

Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det blir lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil òg bli vurdert.

Prisutdeling

Prisen blir delt ut i samband med den årlege Folkehelsekonferansen, som blir arrangert 26.–27. oktober av Folkehelseforeningen og Sunne kommuner. I år samarbeider konferansen med Norsk Friluftsliv om temaet «Det nære friluftslivet». Prisen er på kr 50 000.

Komite

Komiteen som vel prisvinnar vil fortsette ut 2015 og består av:

  • professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
  • journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad
  • professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim
  • høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo
  • rådgjevar Line Oma (sekretær), Helsedirektoratet.

Innsending av søknad

Skriftleg søknad med grunngjeving kan sendast av personar og organisasjonar innan 19. august 2015 til: line.oma@helsedir.no

eller til:

Helsedirektoratet
Pb. 7000, St. Olavs plass,
0130 Oslo.

 
 
Kommunetorget

2019 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 646ue6
(Skriv inn koden over.)