Dilemmaer og muligheter: Folkehelse i kommunal planlegging


I planlova av 2008 er det kome med eit “skal”-punkt som gjeld helse; planar skal “fremje befolkninga si helse og motvirke sosiale helseforskjellar” (pbl § 3-1 f).  Denne formuleringa om helse og helseforskjellar er ikkje særskilt framheva, men inngår i ei opplisting av konkrete omsyn som planlegginga skal ivareta (jord- og landskapsvernvern, samiske forhold, næringsutvikling, bumiljø, oppvekst- og levekår, klima, energi, transport  og samfunnstryggleik). Etter at den nye lova blei vedtatt er det sett i gong arbeid med å lage rettleiingsmateriell som kommunar og fylkeskommunar kan nytte for å oppfylle dette lovkravet til planlegginga.

Av Nils Aarsæther, 2012. Professor i samfunnsplanlegging, Universitetet i Tromsø

Allereie i 2009 var det ferdigstilt ein kortfatta rettleiar på grunnlag av eit samarbeid i Vestfold mellom kommunar, fylkeskommune, fylkesmann, Vegvesenet og Høgskolen i Vestfold. Her var fokuset retta inn mot folkehelse, og dei tema som var framheva som aktuelt for planlegging var

·         Boligforhold

·         Økonomisk trygghet

·         Skole- og arbeid

·         Helsetjenester

·         Sosial tilhørighet

·         Ytre miljø og sikkerhet

·         Levevaner

Denne nokså omfattande lista av innsatsområde er begrunna med kunnskap om  dei faktorar som virkar inn på befolkninga sin helsetilstand. Lista er lang, men kunne lett vore forlenga med fleire faktorar som virkar inn på helsetilstanden, slik som type arbeid (ikkje berre tilgong på arbeid), deltaking i organisasjons- og menighetsliv, familieforhold osv. Det er faktisk lite av det vi gjer som ikkje på ein eller anna måte virkar inn på helsetilstanden.

Men det er opplagd at nokre av desse faktorane meir enn andre kan påvirkast gjennom kommunal og regional planlegging. Planlegginga kan i mindre grad bidra til økonomisk trygghet, arbeid, utdanningsnivå  og helsefremjande  levevaner, samanlikna med planlegging av  boligområde, det ytre miljø, organisering av helsetenestene, og (kanskje) sosial tilhørighet.

Det er viktig å tenke over kor grensene går mellom det som kommunen skal kunne gripe inn i, og det som må vere den enkelte sitt ansvar når det gjeld helse. Med den kunnskapen vi i dag har om samanhengar mellom samfunnsforhold og helse er det lett å utvikle ei haldning der ein i liten grad er villig til å respektere  individuelle val g som “går på tvers” og skaper større risiko for helseskader.  For mange er “det gode liv” forbunde med flyreiser til varme strok, alkoholinntak, glede ved bilkøyring og for ikkje så få: Røyking. Skal planleggaren berre legge til rette for den delen av befolkninga som likar å gå, sykle, spise grønnsaker og som oppsøker fjell og skiløyper på vinterstid? Og er det betre at folk trimmar ute i det fri enn at dei går på helsestudio? Dersom det skulle vise seg  at helsestudiebedriftene totalt sett er viktigare for folkehelsa enn grøntområda kring byen, tør planlegginga å ta konsekvensen av det? Og dersom praktisering av av røykelova og det høge avgiftsnivået på tobakk skulle vise seg å føre til velferdstap for låginntektsgrupper, bør vi legge til rette for røyking gjennom planlegging av røykerom og røykeareal?  Det er nokre tydelege dilemma for planlegginga når vi kjem til helsespørsmålet. Det er heilt uproblematisk å satse på trafikkseparasjon og andre fysiske  tiltak som hindrar ulykker, men når det er gjort, og folk gjennom sine levevaner fortsatt pådrar seg helseplager, bør vi ikkje stoppe opp å tenke grundig gjennom kva som skal vere neste steg i planlegginga for det vi alle er einige om: God helse.

Forskinga på sosial kapital, i særleg grad kunnskapen som kom fram i boka “Bowling Alone” (Putnam 2000), viser at det er dei heilt enkle tinga som gir dei store utslaga i arbeidet med å skape gode samfunnsforhold. Det som på bakgrunn av denne forskinga anses som aller viktigast, er forekomsten av eit levande frivillig organisasjonsliv i ein by, ein bydel eller i ei bygd. Frivillig organisasjonsliv kan ikkje kompenserast av kompetanse/utdanning eller av pengar/løyvingar.  Steder med frivillig organisasjonsliv  finn vi der folk flest har ei innebygd tiltru til andre som dei møter, ikkje ein innebygd skepsis. Og her er eit interessant samspel, for det er sannsynleg at dei erfaringar den enkelte gjer i idrettslaget, koret, fagforeininga eller menigheta bidrar til å skape ei tiltru-haldning som smittar over på andre arenaer. Og to ein ting til: For det første at frivillig organisasjonsarbeid handlar om å løyse problem i fellesskap, altså at det kjem eit resultat ut av innsatsen, i prinsippet det same som vi driv med i planlegging. Og for det andre, det er artig å vere på møter og festar i regi av organisasjonen. Folk blir meir sosiale (utan å heile tida tenke på resultat).

Kva dette betyr?  Jo, at vi uansett innsats av kompetanse og ressursar i planlegging vil stå overfor eit grandiost problem om ikkje planlegginga spelar på lag med frivilligheta lokalt. Ikkje minst vil dette gjelde for helsetilbod og førebyggande folkehelsearbeid. Derfor bør vi tenke gjennom på kva måte planlegginga ikkje primært skal sikre den enkelte sine sine vilkår, for vegen til å forbetre den enkelte sine vilkår går gjennom å legge til rette for  (ofte små og “ubetydelege”) fellesskap. Nokre gonger  går dette heilt av seg sjølv. I visse bydelar og bygder stiller folk opp og drar med seg sjølv dei motvillige i nabolaget. Andre stader kan ein utløyse store frivillige ressurar ved små insentiv og spleiselag. Atter andre stader må kommune intervenere og drive det som normalt ville vere i regi av frivilligheta. Stiller ingen andre opp for ungdommen, må kommunen opptre i frivillighetas form – enten det er mellombels eller permanent. Ikkje alle prosessar er sjøldrevne.

Kunnskap om stedsutvikling er svært viktig, her som i andre samanhengar, nettopp for å kunne sjå kor planlegginga bør sette inn sine ressursar, og på kva måte det best kan skje.  Når tilsynelatande like fysiske miljø produserer radikalt ulike sosiale miljø, vil kunnskap knytta til stedet og stedets behaldning av sosial kapital  kunne hjelpe planleggaren vidare.  

Men til sist: Planleggaren må kommunisere med helsesektoren sine folk, lytte og fortelje, og vere klar over at vi både skal ha ein oppegåande helseteneste – og ein strategi for  forebygging av helseproblem.  Å skape samanheng i dette, og i forhold til alle andre lokale behov, er ei  stor oppgåve. Her er det i sannheit behov for kommunikativ planlegging -  der både planlegging, kommunal leiing, helsesektor og frivillig sektor må opparbeide gjensidig tillit og søke kreative løysingar på tvers, ut frå stedets føresetnader.

 

  • Tips om kompetanseheving innenfor offentlig planlegging, som forfatteren er tilknyttet, får du ved å klikke på bilde på høyre side, eller
  • Se brosjyre eller les om programmet på www.uit.no   
 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 7n680i
(Skriv inn koden over.)