Folkehelselova – ei grunnlov for eit sunnare og friskare folk


Av Arne Gotteberg (2013) Kommuneoverlege i Volda og Ørsta  - styremedlem i ”Sunne kommuner WHOs norske nettverk”

I 2012 fekk vi  som ledd i Samhandlingsreforma to nye helselover i kommunane:

Helse og omsorgs- tenestelova handlar om det faglege tilbodet og dei tenestene kommunane er pliktige å leggje til rette når du er sjuk. Det gjeld også følgjer av  og forhold knytte til sjukdom, skade eller lyte. Grovt forenkla kan ein seie at det er ein «sjukelov», til likes med lovgivinga for sjukehus og helseføretak. 

Folkehelselova handlar om det kvar einskild av oss, kommunane og samfunnet kan gjere for at vi skal få eit sunnare og friskare folk. Ho har eit ”frisk-fokus”.

Primært er Folkehelselova ei «sunnhetslov» og er ein verdig og ambisiøs arvtakar etter den gamle «Sunnhetsloven» av 1860, der vern mot smittsame sjukdommar og dårleg hygiene hadde eit mykje større vektlegging.  

Norge er eit pionerland i verda med ei eiga lov om førebyggjande og helsefremjande arbeid.  Lova og folkehelsearbeidet i kommunane fortener difor presentasjon.Det overordna målet til lova er fleire leveår med god helse i befolkninga.  Helsa vår er ein av dei viktigaste ressursane i samfunnet. Å satse breitt på førebygging og fremjing av helse vil gi vinstar i form av lågare sjukelegheit og reduksjon av tidleg død, større trivsel og livsglede og ei meir funksjonsfrisk og arbeidsdyktig befolkning. Er der god trivsel, er der god folkehelse! Dei som trivst godt, blir sjeldnare sjuke. Tiltak for å redusere sosial ulikskap bidreg betydeleg til helse og velferd.

Folkehelse er i stor grad politikk! – Det handlar om å legge til rette rammevilkåra  (= hellingsvinkelen i Peter F. Hjort si kurve, sjå modell over) i lokal- og storsamfunnet slik at kvart enkelt menneske skal ha best muleg føresetnadar for å kunne vere friske og  sunne.

90% av dei helsefremjande faktorane ligg utanfor helsetenesta

Det er ei erkjenning at 90% av dei faktorane som fremjar god helse, ligg utanfor helsetenesta. Det nye folkehelsearbeidet går ut på å mobilisere og løfte fram desse 90 prosentane av helseproduksjonen. Spissformulert: Det er ikkje mangel på legar som gjer oss sjuke her i landet! Vi løyser ikkje dei nyare folkehelseutfordringane (les: sunnhetsutfordringane) ved ukritisk å tilsetje fleire innan helsetenestene. Helsepersonell er ei viktig gruppe, men det er på andre arenaer, utanfor helsetenestene, at vi må utløyse det effektive helsefremjande arbeidet. Ikkje minst gjeld det kva den einskilde sjølv kan gjere for si eiga helse og kva for fremjande eller hemmande vilkår samfunnet (mellom andre kommunane), legg til rette for at einskildmenneska betre skal lukkast med å fremje helsa si (sjå figuren). I  kommunane handlar det om å frigjere ressursar både innanfor og, ikkje minst, utanfor kommuneorganisasjonen til å betre rammevilkåra for folkehelsa. Til dømes leverer kommuneingeniøren og kommuneplanleggaren gjennom vel utført planarbeid viktigare helseprodukt enn mange helsepersonell! Gjennom ”Helse i Plan” er den nye Plan og bygningslova og Kommuneplanen sin samfunndel blitt eit av fundamenta for helsefremjande samfunnsplanlegging. Andre døme  er den store verdien av kulturarbeid og aktivitetar som vert utført av frivillig organisasjonar.

Rådmannen er folkehelsesjef

Helse skapast og byggjast der folk bur, arbeider, trivst, elskar eller strir med utfordringane i dagleglivet – nemleg i kommunane. Heilt til 2012 var helsefremjande arbeid eit ansvar for kommunehelsetenesta ved kommuneoverlegen eller helsesjefen. Fagfolk i kommunehelstenesta, framom alt kommuneoverlegen, har framleis betydelege samfunnsmedisinske oppgåver og ansvar også i den nye Folkehelselova. Men som ein fornuftig konsekvens av intensjonane i lova er det no rådmannen som er folkehelsesjef.

Folkehelse er eit stort politikaransvar i kommunane

Folkehelselova legg ansvaret for folkehelsearbeidet på heile kommunen, på alle sektorar og sektorleiarar. Det er stort behov for å bevisstgjere kommunepolitikarar og administrasjon om det nye ansvaret lova legg på dei. Dessutan må dei få innsikt i moderne folkehelsearbeid og korleis det lokale folkehelsearbeidet er bygd opp. Stillingane som folkehelsekoordinator i kommunane er heilt nødvendige m.a for å koordinere, tilretteleggje og å initiere innsats, kartleggje og lage oversikt  innan dette feltet.

Viktige utfordringar for kommunalt folkehelsearbeid vil vere:

  • Korleis skal ein få folkehelsearbeidet til å fungere endå betre på tvers av alle sektorar («Helse på tvers»)?
  • Korleis innarbeide helseomsyn endå betre i kommuneplanen og anna kommunalt planarbeide? (”Helse i plan”)?
  • Korleis få betre oversyn over ”Helsetilstanden i befolkninga og positive og negative utviklingstrekk og påvirkningsfaktorar i eiga kommune”?  (Helsedata frå kommunane våre vil bli omtala i eigen artikkel)
  • Korleis støtte all god folkehelseinnsats frå innbyggjarane sjølve og frå frivillige organisasjonar?
  • Frisklivssatsing/Frisklivssentralar – meistring
  • Korleis nærme seg WHO’s ”Helse 2020” målsettingane: ”Helse i alt vi gjer” (”Whole-in approach”)? Korleis skape optimisme og tru på at alle sektorar, styresmakter, frivillige organisasjonar og folkehelseorganisasjonar, ut frå sine føresetnadar vil arbeide aktivt for å utløyse handling på tvers av myndigheiter og samfunn for å fremje helse og velferd?

Her ligg nokre av dei store og flotte utfordringane i nyare folkehelsearbeid i kommunane

 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: wdehwd
(Skriv inn koden over.)