Helseperspektiv i planlegging


Helseperspektiva i planlegginga er viktige . Mange rapportar peikar på at god helse ikkje er jamt fordelt mellom folk verken i Noreg eller i resten av verda, til dømes WHO sin rapport Closing the gap in a generation (CSDH, 2008), Stortingsmeldinga Resept for et sunnere Norge (Helsedepartementet, 2002-2003), Stortingsmelding 20 Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller (Helse- og omsorgsdepartementet, 2007) og i Sosial- og helsedirektoratet sin årlege rapportar om arbeidet med å utjamne sosial ulikskap i helse (Helsedirektoratet, 2010).

:Susanne Moen Ouff og Randi Bergem,  Møreforsking 2011.

Fysisk inaktivitet, røyking, rusmisbruk og dårleg kosthald er bland folkehelseutfordringane i Norge i dag. Sosial ulikskap i helse er blant dei største utfordringane i folkehelsearbeidet. Ei slik utfordring krev systematiske og godt planlagde tiltak. I denne artikkelen, presenterer vi nokre funn frå evalueringa som Møreforsking og NIBR har gjort av folkehelsetiltaka Helse i plan og Partnarskap for folkehelse.

Sosial ulikskap i helse er ei utfordring, både med tanke på rettferdig fordeling av gode i samfunnet, og for utviklinga av velferdstilbodet i Noreg. For å redusere sosial ulikskap i helse, må ein arbeide på mange område på same tid. Utdanning og inntekt er variablar som har klar samanheng med helse. Difor er til dømes utdanningspolitikk, arbeidsmarknadstiltak og ungdomspolitikk like viktig for å redusere sosial ulikskap i helse som tiltak retta mot fysisk aktivitet, rus og kosthald. Gjennom god samfunnsplanlegging og god kommuneplanlegging kan ein ta heilskapelege omsyn til dei samanhengane mellom fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle element, og korleis slike forhold påverkar helsa. I folkehelsearbeidet trengst heilskapeleg, tverrfagleg og langsiktig arbeid i mange sektorar og på alle forvaltningsnivå. I denne samanhengen er helse i planlegginga ei føremålstenleg tilnærming.  

Gjennom St.meld. nr 16 Resept for et sunnere Norge (Helsedepartementet, 2002-2003) ønskte styresmaktene å gi folkehelsearbeidet eit løft, og at satsinga på folkehelse skulle bidra til å betre den generelle helsetilstanden i befolkninga, samtidig som ein vil utjamne helseforskjellar som skuldast sosiale tilhøve. Som eit ledd i å legge til rette for ei slik heilskapeleg forankring av helseperspektiva i det kommunale plansystemet, var 30 kommunar og 8 fylkeskommunar i perioden 2005-2010 med i utviklingsprosjektet Helse i plan. Helse i plan som prosjekt vart sett i verk som eitt av fleire tiltak som eit ledd i å svare på utfordringane som vart løfta fram i stortingsmeldinga. Prosjektet var eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet. Partnarskap for folkehelse har også ei heilskapeleg tilnærming til folkehelsearbeidet, der målet å danne partnarskap til dømes mellom kommunar og frivillige organisasjonar, og kommunar og fylkeskommunar.

 

Kva er Helse i plan og Partnarskap for folkehelse?

Møreforsking evaluerte i perioden 2007 til 2010 tiltaka Helse i plan og Partnerskap for folkehelse, saman med NIBR, på vegner av Helsedirektoratet. Vi gir her ei kort omtale av begge tiltaka, før vi går vidare på kva ein har lukkast med i dei to tiltaka. Alle kommunar og fylke som var med i evalueringa, var med i både Helse i plan og Partnarskap for folkehelse. Mange synest det var vanskelig å skilje mellom dei to tiltaka, og såg dei difor i stor grad i samanheng. Kva som var effekten av det eine og det andre tiltaket, var heller ikkje alltid lett å skilje frå kvarandre.

 

Helse i plan er eit innovasjons- og metodeutviklingsprosjekt som har som siktemål å betre planarbeidet i kommunar og fylkeskommunar på folkehelseområdet generelt. Verktøyet er plan- og bygningsloven og kommuneplanen, og metodane som blir utvikla handlar om korleis ulike folkehelsemål kan realiserast gjennom forankring i kommuneplanens samfunnsdel, arealdel, og i temaplanar. Organisering og samarbeid, politisk forankring, kompetansebygging og spreiing av informasjon er viktige tema som inngår i arbeidet.

 

Plan- og bygningsloven regulerer planlegging som aktivitet i kommunane og vart endra i 2009. Samanlikna med den gamle lova er tre moment relevante for folkehelsearbeidet: 1) Lova innfører omgrepet planstrategi (§10-1), 2) Samfunnsdelen av kommuneplanen skal etter dette ha ein langt meir sentral og viktig plass i det kommunale plansystemet, og skal vere ein reiskap til å fremme ei meir sektorovergripande og heilskapeleg samfunnsutvikling (§11- 3), og 3) Alle offentlige organ er gitt både rett og plikt til å delta i planlegginga (§3-2). Vi meiner at tre forhold er særleg viktige i kommunane sitt folkehelsearbeid:

 

1)      At det er viktig å gjere folkehelsearbeid til ein kontinuerlig politisk prosess, for å påverke planlegginga på alle nivå både politisk og administrativt.

2)      At kommunane i si samfunnsplanlegging må gjere folkehelsearbeidet til eit prioritert område, og at dei greier å utvikle partnarskap både vertikalt mellom styringsnivåa (nasjonalt, regionalt, kommunalt og lokalt), horisontalt mellom styringssystem (privat, offentlig og frivillig sektor), og internt på tvers av eigne sektorar.

3)      At dette blir konkretisert gjennom partnarskapsavtalar, der kommunen som organisasjon følgjer opp sin del av disse partnarskapa i si verksemdsplanlegging (økonomiplan, langtidsbudsjett, årsbudsjett m.m.)

 

Å fremme god helse og hindre dårlig helse angår alle sektorar og nivå i samfunnet, og partnarskap i folkehelsearbeidet tar nettopp utgangspunkt i behovet for å sjå heilskapeleg på helsearbeidet, og å samarbeide om felles utfordringar. Partnarskap i folkehelsearbeidet er både sektor- og nivåovergripande. I kommunane opplevde dei at det difor var viktig å legitimere kvifor ein brukte ressursar på førebyggande folkehelsearbeid i fleire sektorar og på tvers av forvaltningsnivå. For kommunar kan det å vere partnar i eit folkehelseprogram, medvirke til slik aksept og legitimitet.

 

Partnarskap er som organisasjonsform eit middel til å stimulere til langsiktig samarbeid mellom aktørar. Partnarskap for folkehelse er i mange fylkeskommunar forankra hjå folkehelsekoordinator/-rådgjevarfunksjonen. Fylkeskommunen inngår partnarskapsavtalar med ulike aktørar, men dei mest vanlege aktørane i regionale partnarskap er fylkesmannen, kommunar, idrettsorganisasjonar, ymse frivillige organisasjonar. I somme regionale partnarskap er helseføretak og høgskular/universitet representerte. KS, LO og NHO er med i partnarskapen i nokre fylke. Det er også døme på fylke, der dei vidaregåande skulane er sentrale aktørar i folkehelsearbeidet. Somme fylkeskommunar har formelle, skriftlege avtalar med alle partnarane, medan andre ikkje har formalisert samarbeidet på den måten. Graden av formalisering kan også variere mellom ulike aktørar. Formaliseringsgraden er størst når det gjeld kommunane som partnarskapsdeltakarar. I dag får fylka statlege stimuleringsmidlar for folkehelsearbeid i form av rammeoverføring. Fylkeskommunane står fritt til å disponere desse innafor partnarskapa eller til anna folkehelseretta arbeid.

 

Kva har ein lukkast med i arbeidet med Helse i plan og Partnerskap for folkehelse?

I oppdraget for Helsedirektoratet, evaluerte vi Helse i plan og Partnerskap for folkehelse på same tid. Oppsummert for begge tiltaka, vil vi hevde at det sterkaste positive effektane har vore:

·         auka folkehelsekompetansen og planfagleg kompetanse både i administrasjon og blant politikarar

·         større grad av tverrfagleg samarbeid

·         betra samarbeid mellom forvaltningsnivåa

·         betra samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor

·         auke i talet på praktiske folkehelsetiltak (gjeld særleg partnarskapsarbeidet)

 

Helse i plan vert vurdert som eit viktig verktøy både frå kommunalt og fylkeskommunalt hald. Det styrka samarbeidet både på tvers av forvaltningsnivåa, mellom fageiningar og mellom sektorar er truleg årsak til at kommunane opplever at folkehelsearbeidet i dag er meir integrert i den langsiktige samfunnsplanlegginga enn tidlegare. Vi kan seie at Helse i plan og partnarskapsarbeidet har fungert som organisasjonsutvikling, som har endra folkehelsearbeidet i retning av auka tverrfagleg samarbeid på alle felt.

 

Kva meiner kommunane er kritiske suksessfaktorar for å lukkast?

Dei langsiktige tidsperspektiva som tiltaka har hatt, har vore avgjerande for å oppnå effektane som er omtalte ovanfor.

 

Alle kommunar som har inngått partnarskap med fylkeskommunen, har oppretta ei folkehelsekoordinatorstilling. Desse koordinatorane har vore brukte til ulike former for arbeid i kommunane, og har vore sentrale for å sette folkehelse på dagsordenen og sette i verk konkrete folkehelsetiltak. Mange koordinatorar har fått tilgang til nye planfora, der folkehelse ikkje har vore tema tidlegare, eller som ikkje har hatt ein fagleg talsperson til å ivareta slike omsyn.

 

Fylkeskommunane si rolle har vore svært viktig. Fylka har oppretta nettverksarenaer for erfaringsutveksling og kompetanseheving mellom kommunane. Desse arenaene, samt fylka sin auka kompetanse på folkehelsefeltet, har vore viktig for kommunane sitt arbeid. Fylkeskommunane har fått god erfaring med å organisere nettverk, og å fungere som faglige støttespelarar for kommunane på folkehelsefeltet. Det er grunn til å tru at det er eit direkte resultat av utviklingsarbeidet fylkeskommunane har hatt gjennom Helse i plan og Partnerskap for folkehelse.

 

 I fleire kommunar tar kommunelegane no eit stadig større ansvar for folkehelsearbeidet generelt, og i arbeidet med Helse i plan og Partnerskap for folkehelse spesielt. I kommunane er plasseringa av folkehelsearbeidet avgjerande for kva fokus, status og legitimitet arbeidet får utover i organisasjonen. Dette heng igjen saman med den politiske forankringa og mandatet ein har fått til å drive heilskapeleg og langsiktig arbeid på området.

 

Skal ein lukkast i dette, må ein skape tverrfaglege arenaer og lære seg nye arbeids- og samarbeidsformer som kan brukast på desse arenaene. Den plan- og prosesskompetanse kommunane treng til dette, finst ikkje alltid i kommunane i dag. I tillegg til dei nye arenaene, ser ein det som avgjerande at ein får tilgang til allereie eksisterande planfaglege forum.

 

Kor vidt ein får politisk mandat til å arbeide langsiktig og heilskapeleg, heng saman med kompetansenivået hjå både administrasjon og politikarar. Slik vert god kunnskapsoversikt vurdert som ei motvekt til kortsiktige avgjerder. Sist, men ikkje minst, må ein vurdere om ein skal heimle folkehelseperspektiva i særskilte (kommunedel-)planar, eller om det bør integrerast i anna kommunalt planverk. Begge strategiar kan fungere godt, alt etter kva planverk kommunen har elles.

 

Arbeidet i Helse i plan framover

Trass i at arbeidet med å nytte planverktøy som verkemiddel i det førebyggande folkehelsearbeidet er i godt gjenge, står det framleis mykje arbeid igjen. Folkehelsearbeidet må bli ein vedvarande politisk prosess, der arbeidet som er gjort med å forankre folkehelse i organisasjonane, må vise igjen i økonomplanar og årsbudsjett. Haldninga og tankane om førebyggande arbeid må verte forankra sterkare i alle relevante avdelingar, men særleg i planavdelingane. Eitt av områda både kommunar og fylkeskommunar synest det har vore vanskelig å gjere godt nok arbeid med så langt, er med å hente inn, analysere og bruke lokale folkehelsedata. Dette er truleg eit område der det er svært viktig å auke kompetansen, både for å målrette planlegginga og innsatsen der han trengst, og for å legitimere arbeid på folkehelseområdet generelt.

 

Helse i plan og rusførebyggande planlegging

Rusmisbruk er ei utfordring for det kommunale folkehelsearbeidet, på linje med førebyggande arbeid retta mot fysisk inaktivitet og overvekt. Arbeidsmåtar og tankesett i Helse i plan, kan ha høg relevans også for rusfeltet. Erfaringane kommunane har gjort innafor både Helse i plan og Partnerskap for folkehelse bør overførast på alle planområda i planverket. Vil du lese meir detaljert om kommunar og fylkeskommunar sine erfaringar med Helse i plan og Partnerskap for folkehelse, viser vi til rapportane som er utarbeidde av NIBR og Møreforsking:

 

 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: k478gs
(Skriv inn koden over.)