Seljord kommune. Trivsel- og oppvekstplan


Seljord kommune utarbeida og vedtok allerede i 2004/2005 ein førebyggande plan. I høve til tidlegare planprosessar prøva ein nye vegar med omsyn til organisering av arbeidet og brukarmedverknad. I tillegg var ein meir medveten på forankring. Les om erfaringar frå arbeide her.

 

: av Richard Vaaben Jensen, sosialleiar Seljord kommune

Seljord Kommune med snautt 3.000 innbyggarar vert karakterisert som urbant samanlikna med nabokommunane i Vest-Telemark regionen. Utfordringane på russida i Seljord er meir lik dei ein møter i dei mindre byar i fylket enn problematikken i nabokommunane.

Planlegging og organisering av arbeidet
Rådmannen vedtok å setje i gang arbeidet med ein førebyggande plan, m.a. på bakgrunn av eit pålegg frå Fylkesmannen om å utarbeide/rullere plan for førebyggande barnevern. Det blei bevisst valt å satse på ein generell førebyggande plan med hovudvekt på barn og unge, dette for å mobilisere gode krefter og for å få ein positiv fokusering på arbeidet. Førebyggande planar med einsidig fokus på dei store tunge problema som rus, kriminalitet eller barnevern, vil i ein liten kommune lett kunne opplevast som ei overfokusering av problema og noko som bygdefolket ikkje kjenner seg igjen i. Ein rusførebyggande plan vil t.d. og kunne vekke minner frå tida med moralske pekefingrar og skremselspropaganda.
Planarbeidet vart organisert som eit prosjekt med rådmannen/kommunen som prosjekteigar.

Styringsgruppa fekk fylgjande samansetnad: Kommunalsjef (leiar), representant frå elevrådet, rektor ved ungdomsskulen, representant frå barnevernet, miljøterapeut og sosialleiar (prosjektleiar).
Vidare vart det opprette ei referansegruppe der fylgjande instansar vart representert:Leiargruppa, elevrådet ungdomsskulen (3 medlemmar), elevrepresentant vidaregåande skule, barnehagane, barneskulane/SFO, ungdomsskulen, psykiatrikoordinator, helsetenesta/ helsestasjonen, barnevernet, kulturkontoret, lensmannen, ungdomspresten, politisk leiing og sosialkontor.

Mål og rammer
I eit brev frå rådmannen til prosjektdeltakarane stod det m.a:

”Det må understrekast at førebygging er ein naturleg del av det daglege arbeidet i Seljord kommune og at fleire av kommunen sine planar inneheld punkt om førebygging på eit eller anna nivåMålet med det føreståande planarbeidet er å få oversyn over eksisterande tiltak - kva fungerer bra, kor bør vi ev. auke innsatsen og å få til størst mogeleg samsvar i planane.Vi kan ikkje vente å finne ”nye” pengar  til førebyggande tiltak, med mindre vi kan søkje på øyremerka tilskot. Tiltak må i hovudsak prioriteras innan gjeldande økonomiske rammer.”

Ved å understreke at førebyggande arbeid er ein naturleg del av det daglege arbeidet, ville ein og sikre seg at førebygging er ein kontinuerleg prosess og ikkje skippertak eller festtale. Eksisterande økonomiske midlar måtte ev. omprioriterast. Det var ikkje gitt at dette ville gå smertefritt om nokon måtte gje frå seg nokre av sine midlar. Utfordringa låg i at alle kunne sjå meininga med tiltaka, ikkje minst dei som ev. måtte ofre noko.


Arbeidet med planen

Dialogkonferanse

Det var eit mål å få inn flest mogelege innspel til planarbeidet. I tillegg til dei innspela ein kunne vente å få frå styringsgruppa og referansegruppa, ynskte ein og innspel frå m.a. barn/ungdom, føresette, avdelingsleiarar i kommunen osv.

Ein ynskte å få kommunale avdelingsleiarar/avdelingar involvert tidleg i prosessen, dette både for å få fram faglege innspel og med tanke på implementering av tiltak.

Som metode hadde ein valt å nytte dialogkonferanse. Det er fleire grunner til val av denne metoden: Dialogkonferanse er vel utprøvd. Den gjev alle høve til å kome til orde ved at den bryt med skilnaden mellom tradisjonelle maktposisjonar og metoden kan nyttast i både store og små forsamlingar. Metoden er vidare lett å forstå, lett å organisere og gjennomføring av ein konferanse er forbundet med få kostnadar.

Dialogkonferanse som metode vart nytta i fyrste møte med styringsgruppa, i fyrste møte med referansegruppa, på eit kommunalt avdelingsleiarmøte og på eit opent møte på ungdomsskulen med elevar og føresette, politikarar og styringsgruppa tilstades.

Mange av deltakarane på dialogkonferansane har gjeve positive tilbakemeldingar på måten møta har vore organisert. Spesielt positivt var det at gruppearbeidet på ungdomsskulen vart leia av  ungdom og at det hadde vore politikarar tilstades. Politikarane sjølv meinte at dei hadde fått mykje nyttig informasjon gjennom det å vera deltakar. Frå politisk hald kom det ynskje om å få med i planen, at politikarar skal inviterast til seinare dialogkonferansar.

Styringsgruppa
Fyrste møte i styringsgruppa vart gjennomført som ein dialogkonferanse. Dette for at gruppa skulle bli kjend med metoden og for å utforme nokon felles mål for planarbeidet. 

Styringsgruppa kom fram til fylgjande mål for planarbeidet:

  • Ein plan med konkrete framlegg til tiltak.
  • Ei klar ansvarsfordeling for tiltaka.
  • Fastsett tidspunkt for evaluering av tiltaka.
  • Samarbeid med ungdom om gode aktivitetar og tiltak.
  • Samarbeid om tiltak over sektorgrenser.
  • Politisk prioritering og aksept for førebyggande arbeid.

At styringsgruppa sjølv fekk utarbeide eigne mål for planarbeidet gav nok ein større inspirasjon til arbeidet enn om måla hadde blitt diktera frå anna hald. Styringsgruppa sine mål blei heile vegen i prosessen ei rettesnor for arbeidet.

Referansegruppa
Frå leiargruppa si side var det på førehand litt skepsis til referansegruppa: Var det naudsynt å opprette gruppa og korleis skulle denne store gruppa handterast? Røynsle har synt at gruppa var nyttig. Gruppa dekte samla sett dei fleste offentlege arenaer for barn og unge i Seljord, og gruppa sine medlemmar er viktige for å setja planen ut i livet. Referansegruppa blei trekt inn i arbeidet på strategiske tidspunkt i prosessen. Dette gav gruppa høve til avgjerande innverknad på planframlegget.

Det hadde vore ynskjeleg at lag/organisasjonar også hadde vore representert i gruppa, men det finst ingen person eller instans i Seljord som representerer laga samla sett. Kulturkontoret har god oversikt over ressursane i laga. Vidare er dei fleste av dei ein har møtt i samband med planarbeidet også aktive i eit eller fleire lag. Dette gjer at ein har rimeleg god tru på at innspela til plane, i alle fall indirekte, også representerer dei friviljuge lag og organisasjonar.

Møtar og ressursbruk
Det blei ikkje sett av øyremerka ressurs til arbeidet. Årsaka var ikkje manglande innsikt i at slikt arbeid kostar tid og vil gå ut over noko anna, men heller ein tradisjon om at slike oppgåver er ein del av den kommunale kvardagen. Det er likevel rett å problematisere, at ynskjer ein planlegging med brukarmedverknad, vil den tidsmessige kostnaden vera større enn om planarbeidet hadde gått føre seg på tradisjonelt vis.

Referansegruppa vart samla 3 gongar: for innspel til planarbeidet (dialogkonferanse), for refleksjon over innkomne innspel og for gjennomgang av styringsgruppa sitt fyrste planutkast.

Styringsgruppa hadde i alt 10 møter og deltok på dialogkonferansen på ungdomsskulen.

Det er ikkje ført logg over tidsbruken. Eit overslag over medgått ”kommunal tid”  kjem på totalt 500 timar. Av desse bruka prosjektleiar om lag 200 timar og leiar av styringsgruppa 60 timar. I tillegg kjem tida til dei som ikkje er kommunalt lønna t.d. ungdomen som har delteke aktivt, føresette, politikarar osb. Utgifter til kopiering, porto, annonsar, materiell, servering mv. har kome på vel kr. 6.000,- .

Tilbakemeldingar frå prosjektdeltakarar synte at møta stort sett blei oppfatta som positive og inspirerande avbrekk frå kvardagsoppgåvene.

Rådmannens umiddelbare reaksjon på tidsbruken var, at dersom planen blir følgd opp slik intensjonen er, då har det vore verd heile innsatsen.

Brukarmedverknad
Mange har hatt reell innverknad på planen og endå fleire har medverka i prosessen. Spesielt viktig for prosessen synast fylgjande å ha vore:

  • at styringsgruppa sjølv formulera sine mål for arbeidet
  • at vi hadde ein stor og breitt samansett referansegruppe
  • at kommunale avdelingsleiarar blei involvert gjennom ein eigen dialogkonferanse
  • at politikarar blei invitert til dialogkonferanse saman med ungdom og føresette

Nokon få ord om planen
Alle innspel til planen vart samla i eit eiga dokument, dette danna grunnlaget for styringsgruppa sitt framlegg.

Å kalle planen for ”Plan for trivsel og oppvekst” var eit bevisst val frå styringsgruppas side.

Ein ynskte å rette fokus på det positive fram for problemfokusering. Hovudinntrykka frå dei innspel vi fekk til planen går også i same retning: Folk ynskjer å verne om og styrke trivsel, tryggleik og engasjement. 

Planen utløysar ikkje store pengar, men forpliktar til å oppretthalde og styrkje ei rekkje eksisterande tiltak. Samstundes ligg det ei oppmoding til/eit pålegg om å samle kreftene til felles innsats på deltakaranes premisser. På førehand vart det ikkje gjeve lovnad om ekstra pengar til førebygging. Det er lagt vekt på at tiltaka (nye og eksisterande) skal vera gjennomførbare innan gjeldande rammer. Med andre ord er det ikkje lagt opp til lovnadar som ikkje kan innfriast.

Det er lagt vekt på generelle verkemiddel, som rettar seg mot det breie lag av barn/ungdom, foreldra/førresette og ulike aktørar som skule, helse, løyvehavare osb for å motvirke problem skapt av samfunnet.

Erfaringar nå 11/2  år etter at planen vart vedteke er, at planen har blitt eit godt styringsverktøy og vert trekt fram i ulike samanhengar. Vi har fått ein generell auka fokusering på det førebyggande arbeidet og tverrfagleg samhandling i kommunen, og nye tiltak har kome til i kjølvatnet av planen.

Eksterne ressurser
 
 
 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: i23048
(Skriv inn koden over.)