Hvordan forankre rusmiddelpolitisk handlingsplan?


Spørsmål:
Hva menes egentlig med forankring av en plan, og har dere tips til hvordan en bør forankre en tematisk plan som Rusmiddelpolitisk handlingsplan?

 

Svar:

Hei, forankring av ein plan betyr at dei aktørane som skal/må/kan ha ansvar - som ein er avhengig av å gjennomføre planen, tiltak m.m. "eig planen", dei har vore med på å;

- utvikle innhaldet,

- dei er samd med innhaldet,

- dei erkjenner si rolle som iverksetjar, og

- er i stand til å gjere noko med feltet/tiltaket. 

Det fins ingen enkle oppskrifter, men nokre hovudgrep:

  • Finn ut kven det er som må vere med i arbeidet fordi dei har makt til å gjennomføre eller hindre tiltak - vi kallar dette ofte ei interesseanalys
  • Finn ut korleis desse nøkkelorganisasjonane/personane kan aktiviserast i arbeidet, i ulike fasar m.m. for at dei skal utvikle eigarskap
  • Lag til prosessar der dei blir involvert og aktivisert slik at dei utviklar eigarskap til planen - dei er med på å utvikle planen
  • Arbeid fram til semje om tiltak, finansiering, ansvar m.m.
  • Snakk først - skriv etterpå!! Det verste du kan gjere er å skrive eit plandokument sjølv utan medvirkning, då er berre du sjølv eigar.

 Tips: Du finn mykje om praktisk arbeidsmåtar i;

  • Asle Farner: Verksted som metode og i
  • del III i Amdam og Amdam: Kommunikativ planlegging. 

med helsing;

 

Rektor Jørgen Amdam

Dr.scient Professor
Kommunikativ planlegging, Høgskolen i Volda

 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 77j301
(Skriv inn koden over.)