Handbok og dugnadsmetode i planlegging


I denne teksten av Jørgen Amdam vil du finne innspill og hjelp til hvordan du kan legge opp planprosesser i din kommune.

: av Jørgen og Roar Amdam. Høgskulen i Volda.

Dugnadshefte 1. Analyse av nosituasjon og framtid
Arbeidsprosessane startar med dette dugnadsheftet der ein foretek analyse av nosituasjon og framtid og med dette som grunnlag vel innsatsområde, dvs. dei felta der kommunen må arbeide spesielt intenst for å møte truslar og utnytte mulegheiter. Dugnadsheftet er til vanleg brukt av grupper på 5 til 8 personar i samband med stormøte med 50 til 150 personar. I plenumspresentasjonane av gruppearbeida oppdagar ein vanlegvis kor likt ein vurderer tilhøva og framtida.

 

Dugnadshefte 2. Visjonar og framgangsmåtar
For kvar av innsatsområda er det aktuelt å utvikle framgangsmåtar/strategiar for handling. Til vanleg vert det oppnemnt arbeidsgrupper for dette. Dugnadsheftet tek opp dei sentrale spørsmåla knytt til val av strategiar og utforming av desse. Dugnadsheftet er relativt detaljert med omsyn til krav til strategiar/ tiltak, kanskje for konkret. Vi legg derfor vekt på at den berre er eit utgangspunkt, gruppene som arbeidar med å utvikle strategiar står fritt til å velja andre framgangsmåtar.

Dugnadshefte 3. Prioritering og arbeidsdeling
I eit handlingsprogram må alle nye strategiar og tiltak prioriterast opp mot igangverande aktivitetar. Dugnadsheftet forsøker å stille dei sentrale spørsmåla ein bør drøfte ved ei slik prioritering. Hovudformålet er å sortere eksisterande og nye tiltak i kva tiltak som ein må gjennomføre (lovpålagde m.m.), bør gjennomføre ut frå behov i samfunnet og slike som ein kan vente med (dvs. også må‑ og bør‑tiltak som kan vente i minst 4 år). Dette arbeidet må gjerast av sentrale administrative og politiske organ. Dugnadsheftet er berre ei rettesnor i dette arbeidet. 

 

Dugnadshefte 4. Kreativ prosjektdefinering
Dugnadsheftet er utvikla til å fungere som støtte for utforming av prosjekt. Dette kan vere sjølve planleggingsprosjektet og då også bruken av dei andre dugnadshefta i prosessen. Heftet kan også brukast til å få avgrensa og definert prosjektidear som har kome fram som ein del av planprosessen og bruken av dei andre hefta.

Dugnadshefte 5. Kreativ prosess og resultatevaluering 
Dugnadsheftet fungerer som støtte til arbeidet med utforming av årsmeldingar og som støtte ved evaluering av kommunal verksemd t.d. i form av gruppearbeid i kommunestyret. Ved rullering av plandokument, mindre omfattande planprosessar som t.d. temaprogram, grendeprogram m.m. kan dette dugnadsheftet brukast i staden for dugnadshefta 1, 2 og 3.


Dugnadshefte 6. Kreativ evaluering av plandokument
Eit plandokument kan alltid forbetrast. Samstundes skal det aksepterast som eit felles grunnlag. Dugnadshefte 6 er utvikla for å gjere høyringsarbeidet meir konstruktivt ved å fokusere på sterke og svake sider ved plandokumenta og kva som bør endrast.  Heftet kan brukast på stormøte for å evaluere samanstilte plandokument  frå alle delane i planprosessen, jf. figur 3. Spesielt er det aktuelt med stormøte og arbeidsbok 6 dersom ein ikkje har brukt stormøte og nokon av dei andre dugnadshefta for å produsere plandokumenta.





 

Figurer i teksten over:

Figur: Samanhengen mellom dugnadsbøker og dokumnetstruktur.
Figur: Oppbygging dugnadsbok 1.
Figur: Soft - analyse.

 

Tekst omarbeidet for Kommunetorget.no 2011.

 
 
Kommunetorget

2018 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 38t37n
(Skriv inn koden over.)