Tenkedugnader som kreativitetsteknikk i dugnadshefta


Av Jørgen og Roar Amdam

Tenkedugnader er brukt som gjennomgåande arbeidsform i dugnadshefte, sjå figur 4. Tenkedugnader skal gjennomførast på 30 minutt slik at kvar gruppe først bruker om lag 10 minutt til å kaste fram tankar (tankestorm). Då er det ikkje høve til å vurdere/diskutere utsegnene. Deretter skal gruppene bruke 20 minutt til å vurdere og prioritere dei fem viktigaste (tankevurdering). Det er svært viktig at formuleringane blir gjort mest muleg konkrete slik at innhaldet etter kvart ikkje druknar i generelle overskrifter.

Dugnadsheftet skal brukast som hjelpemiddel i arbeidsgrupper som deltek i kommuneplanlegginga. Kvar gruppe bør velje ein sekretær og ein leiar/dirigent. Sekretæren skal skrive i dugnadsheftet, sjå figur 5. Dette arbeidet må gjerast så nøyaktig og fullstendig som muleg. Leiaren bør sikre framdrifta og passe på at gruppa held seg til dei spelereglane som gjeld.

Når dugnadsheftet vert brukt i samband med stormøte, skal leiaren eller ein anna deltakar i arbeidsgruppe førebu seg til å presentere svara i plenum etter kvar økt med gruppearbeid. Dette kan gjerast ved at ein fører hovudpunkt og eventuelt underpunkt på stordias eller eit storark. Men hugs på at presentasjonen skal vere kort og punktvis, og at kvar arbeidsgruppe normalt berre får eit par minutt til disposisjon.

Se og klikk på høyre side:
Figur 4
Figur 5

 
 
Kommunetorget

2020 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: eia4vr
(Skriv inn koden over.)