Kontektsvariabelen og planlegging som prosjektarbeid


Av Jørgen og Roar Amdam

Når ein brukar prosjektorganisering som arbeidsmåte, er det ofte fordi arbeidsoppgåva kan karakteriserast ved:

  • At arbeidet er ei eingongsoppgåve som skil seg frå løpande eller rutineprega oppgåver
  • At arbeidet har eit definert mål og kan skillast ut som eit eige styringsobjekt med eigen organisasjon
  •  At arbeidet skal gjennomførast innan fastsette tids‑ og kostnadsrammer
  •  At arbeidet er tverrfagleg og krev koordinert innsats frå fleire personar og organisasjonseiningar
  •  At arbeidet har innebygt rutinar for læring

Spesielle kjenneteikn ved prosjektarbeid er at arbeidet er avgrensa både i tid og rom.  Når ein vel prosjektorganisering for eit arbeid, er det gjerne motivert utifrå vilje til å gjere ein innsats innanfor eit avgrensa område i eit avgrensa tidsrom.  Prosjektorganisering av planlegging kan vere ein god arbeidsmåte når det skal gjennomførast eit krafttak innanfor eit avgrensa område eller tema i ein avgrensa periode.

Det er viktig å presisere at planlegginga i kommunane kan intensiverast gjennom eit prosjekt, men at kommuneplanlegginga like fullt vil vere eit kontinuerleg arbeid.  I høve til dei kontinuerlege planprosessane, er eit prosjekt berre ein avgrensa aktivitet som kan påverke elementa i eit plansystem slik vi har skissert det ovanfor.  Prosjektet må arbeide innan dei avgrensingar og mulegheiter som strukturar og prosessar set.  Difor er det viktig å vere merksam på relasjonane mellom prosjektet og konteksten det går inn i.

Ei god prosjektgjennomføring føreset at deltakarane i styringsorgana for prosjektet har nådd fram til rimeleg grad av semje om mål og middel, og ikkje minst om avgrensingane og mandatet til prosjektet (Hagen 1991).  Utan slike avklaringar vil interne konfliktar i styringsorgana kunne gjere prosjektet handlingslamma.  Det er vidare viktig at deltakarane blir stilte mest muleg likt med omsyn til vilkåra for å delta i prosjektet. 

I tillegg kan det vere grunn til å peike på at det i kommunar og lokalsamfunn kan skorte på kompetanse om korleis ein skal initiere, planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsprosjekt, og at hjelp utanfrå kan vere nødvendig.  Vidare har vi erfart at det ofte skortar på erkjenning av planleggingsarbeid som noko anna enn forvaltningsarbeid og det å drive vare‑ og tenesteproduksjon (Amdam og  Olsen 1992).

 
 
Kommunetorget

2020 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: ti04fr
(Skriv inn koden over.)