Mobiliseringsvariabelen og strategisk planlegging


Av Jørgen og Roar Amdam

Skal ein mobilisere, er det viktig å skape læringsarenaer som samlar lokalbefolkninga og andre viktige aktørar på tvers av politiske styringsnivå, styringsystem, politiske interesser, og på tvers av personlege kjenneteikn som alder, kjønn, yrke, status m.m.  Slik kan ein stimulere til gruppedanningar, alliansar og nettverk som genererer politisk makt og som kan arbeide for å betre situasjonen for kommune‑ og lokalsamfunna.

Desse relasjonane kan bidra til å trekke folk inn i ein erkjennings‑ og praksisspiral der erfaringslæringa kan utvikle folks erkjenning av eigen situasjon og kva dei kan greie og oppnå av endringar.  I samband med mobilisering vil denne læringsspiralen måtte skje på fleire nivå.  Levin (1988) omtaler det som ein prosess der det gjerne er einskildindivid som gjennomgår den første runden og at desse etterkvart kan dra andre personar, grupper og heile lokalsamfunn med seg i erkjennings‑ og praksisspiralen.  Dette tydleggjer også problema med å flytte læringsprosessen frå eit individuelt nivå til eit kollektivt nivå.  

Etter ein runde i spiralen, vil ein ikkje vere tilbake der ein var, men ein har fått ny kunnskap til å møte ein endra situasjon.  Spørsmålet vert då om denne nye kunnskapen og oppfatninga av situasjonen gir grunnar nok til å revidere gjeldande visjonar, strategiar, praksis og kunnskap.

Ein av dei mest utvikla planleggingsteoriane som drøftar slike prosessar er Friedmann (1987) sine refleksjonar om transaktiv planlegging.  Han ser samfunnsplanlegging som ein gjennomgripande læringsprosess der alle tek del i styringsprosessane og dermed også i planlegginga.  Han legg vekt på heilskapen i samfunnet og allmenn deltaking gjennom desentralisering av fridom og ansvar.  Andre oppfattar dette som rein utopi.

Den gjennomgripande planlegginga har som sitt ideal at einskildmennesket skal stå i sentrum, og at ein kan oppnå samordning gjennom læring ved deltaking på politiske arenaer.  Den radikale planlegginga fokuserer både på dei nære maktrelasjonane og på nasjonal og internasjonal styring.  Friedmann hevdar at radikal planlegging i samfunna ikkje kan organiserast og støttast av makta i samfunnet, men må vekse fram frå innsida av lokalsamfunna.  Planleggaren, som kjem utanfrå, kan mellom anna hjelpe til med å få fram ei ny eigenforståing og gjere lokalbefolkninga dyktigare i sjølvhjelpspraksis, direkte aksjonar, forhandlingar og å lage effektive handlingsprogram.

Strategisk planlegging gjeld grunnleggande spørsmål om korleis situasjonen èr med utviklingstrekk og utfordringar, korleis vi ønsker framtida, kva vi bør gripe fatt i og korleis vi kan endre nosituasjonen i retning mot idealsituasjonen.  Slike spørsmål går på ideologiske verdistandpunkt som ein kan vente skal vere rimeleg stabile over tid.  Det er eit ope spørsmål i kva grad planlegging isolert sett greier å endre slike standpunkt, men over tid vil det i alle høve kunne skje endingar.  Difor kan ein bruke planlegging som reiskap for å stimulere til kunnskapsakkumulering, til bevisstgjering og til ny erkjenning i den vona at einskildpersonar, organisasjonar og samfunn kan endre åtferd.  Strategisk planlegging kan etter vår meining brukast saman med brei deltaking for å påverke mobiliseringsvariabelen.  Statusen i mobiliseringa og den strategiske planlegginga bør dokumenterast i strategiske langtidsprogram (kommuneplanens langsiktige del).

 
 
Kommunetorget

2020 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: mqm7o7
(Skriv inn koden over.)