Organisasjonsvariabelen og taktisk planlegging


Av Jørgen og Roar Amdam.

I eit politisk systemdelt, nivådelt og sektordelt samfunn som det norske, vil det for lokalsamfunna ofte vere avgjerande for den vidare utviklinga at ein får til organisert samarbeid på tvers av dei etablerte organisasjonsgrensene.  Det er difor viktig å få til arbeidsdeling og samhandling mellom frivillige lag og organisasjonar, private føretak, offentleg administrasjon og folkevalde. 

Når problema blir definerte lokalt kjem ofte standardiserte sektorløysingar til kort.  Difor blir det ofte ei hovudutfordring for dei lokale og kommunale organisasjonane å stable på beina utradisjonelle løysingar og som involverer fleire sektorar.  Løysingar som gjerne ligg i utkanten av sektorane sitt ansvars‑ og kompetanseområde.  Dette arbeidet kan ofte vere tids‑ og arbeidskrevande å få til.  Difor er det viktig at lokalsamfunna er mobiliserte og at dei lokale organisasjonane har legitimitet i lokalsamfunna.  Dette inneber at dei får støtte og stimulans frå lokalbefolkninga, og at lokalsamfunna har forståing for kva dei gjer.  For å halde ved like legitimiteten og aksepteringa er det viktig at dei lokale organisasjonane oppnår resultat som blir synleggjort for lokalbefolkninga.

Siktemålet med den taktiske planlegginga er å utvikle ei kortsiktig og fleksibel planlegging.  Dette inneber for det første at lokale og kommunale organisasjonar må prioritere aktivitetane over tid og i høve til tilgjengelege ressursar, og at dei må konkretisere dette i taktiske handlingsprogram (kommuneplanens kortsiktige del). 

Utarbeidinga av handlingsprogram blir oftast basert på ideala om inkrementalisme og programplanlegging.  Denne forma for planlegging krev at dei som lagar handlingsprogramma må vere i ein så sterk maktposisjon at dei har kontroll over noko som andre ønsker.  Men til vanleg, kan slike handlingsprogram berre ta omsyn til korleis organisasjonar kan og ønsker å bruke eigne ressursar som pengar, arbeidskraft, teknologi.  Slik kan handlingsprogramma vere nyttige for å få fram realistiske oppfatningar av kva kommuneorganisasjonen kan makte, men dei treng ikkje vere tilstrekkeleg for å få til handling i kommunesamfunna. 

Dersom lokalsamfunna har mange små, ansvarlege organisasjonar, lag og føretak, kan dette fremme kompetanse om initiering, gjennomføring og drift av aktivitetar og by på stimulerande konkurranse i lokalsamfunna.  Vidare kan ein slik situasjon fremme samhandling om bruk av lokale, maskinar, utstyr, informasjon m.m.  Resultatet kan bli styrka overlevings‑ og tilpassingsevne, men kan og bli eit trugsmål dersom organisasjonane blir for avhengige av kvarandre (dominoeffekt).

 
 
Kommunetorget

2020 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 0sp8i0
(Skriv inn koden over.)