Læringsvariabelen og evaluering


Av Jørgen og Roar Amdam

Alle aktørar kan ha nytta av å samle erfaringar frå tiltak og aktivitetar som dei har halde på med, slik at denne kunnskapen kan brukast til å endre praksisen.  Slike tilbakemeldingar er nødvendige for å gi innspel og å halde levande ein lærande planleggingsprosess, men tilbakemeldingane må gjelde til både den strategiske, taktiske og operativte planlegginga. 

Det er gjennom den tilbakeskuande evalueringa at enkeltståande og avslutta aktivitetar, kan gi bidrag til forståing av heilskapar og til tolking av prosessar.  Når prosjekt blir gjennomførte, blir ofte læringsvariabelen først vektlagt mot slutten av prosjekta, og blir gjerne nedprioritert i høve til aktivitetar i prosjektet som kan gi meir synlege resultat.  Det kan argumenterast mot ein slik praksis, ut frå behovet som eksisterer for den tilgang til kunnskap som evalueringar kan gi undervegs, og som kan danne grunnlag for å gjere nødvendige og ønskelege endringar og justeringar i prosjektet. 

I evalueringar strir ein med dei vanlege metodeproblema frå samfunnsforskinga: i kva grad er data relevante, representative, pålitlege og gyldige.  I tillegg blir den vanskelege balansen mellom objektivitet og subjektivitet tydleggjort i valet mellom intern‑  og eksternevaluering (evaluering ein utfører sjølv eller evaluering som andre, frittståande og gjerne vitskaplege personar utfører). 

Kunnskapen om korleis ulike aktørar i lokalsamfunn meiner situasjonen er og bør vere, er ofte vanskeleg å få tak i, og den kan ofte sprike i fleire retningar.  Omtalen av nosituasjonen i samband med kommuneplanlegging bør mellom anna omfatte kunnskap om ulike aktørar og deira engasjement, organisasjonsstrukturar, produksjonsprosessar, prestasjonar, resultat og effektar/verknader. 

Denne situasjonsomtalen må vurderast opp mot ei referanseramme som meir uttrykker korleis situasjonen bør vere eller blir forventa å vere.  Omtalen av referanseramma bør byggast på kunnskap om gjeldande lover og regelverk, vedtekne visjonar og målsettingar og andre normer og standardar.  Vidare bør ein kjenne til ikkje‑tilfredsstilte behov og eksisterande forventingar.  Elles bør ein ha kjennskap til ressurspotensiale og mulegheiter for alternativ bruk av aktiviserte ressursar.  Endeleg bør situasjonen i kommunen vurderast i høve til den konteksten som storsamfunnet dannar. 

I drøftinga og samanlikninga mellom situasjonen slik den er og slik den bør vere, er det å slå fast samanhengar mellom årsak og verknad i fortid ei svært krevande oppgåve.  Likevel er slike drøftingar både ønskelege og nødvendige for å kunne gjere val om dei rette verkemiddel for å nå måla for framtida.  Men framtida er ikkje berre eit produkt av strukturelle samanhengar mellom årsak og verknad.  Delar av framtida blir også skapt gjennom nye handlingsmønster og tilfeldigheiter.

 
 
Kommunetorget

2020 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: csc60i
(Skriv inn koden over.)