Kontrollvariabelen og operativ planlegging


Av Jørgen og Roar Amdam.

Ei årsak til manglande gjennomføring av prosjekt, aktivitetar eller endringar kan ligge i at den strategiske og taktiske prosessplanlegginga ikkje har fungert godt nok.  Slik at ein ikkje har fått prioritert dei prosjekta som det breie laget av folket verkeleg føler behov for og såleis er motiverte for å støtte opp om med ressursar.  Reaksjonen frå folket kan då vere passivitet eller motstand. 

I einskilde situasjonar kan prosjekteigaren ha tilstrekkeleg makt til å drive kommandoplanlegging med rasjonell planlegging som ideal.  Denne planlegginga føreset mellom anna at ein i avgjershøvet har full kunnskap om nosituasjonen, har eintydige og klare mål for framtida slik at ein kan avgjere kva som er det beste alternativet for handling.  Og at ein har hand om verkemidla som krevst for å gjennomføre denne løysinga.  Overført på praktisk planlegging veit vi at klart avgrensa prosjekt kjem nærast dette idealet. 

I andre situasjonar kan utfordringa vere å inkludere svakt organisert interesser i planlegging i det vi kan kalle talspersonplanlegging (jf Davidoff 1965, Amdam og Barstad 1992).

For kvart einskild prosjekt som involverer fleire aktørar, meiner vi at det bør inngåast handlingskontraktar som fastset kven som skal gjere kva, når og korleis.  Utarbeiding av slike kontraktar kan baserast på forhandlingsplanlegging mellom aktørar som er avhengige av kvar andre.  Ein viktig føresetnad for reelle forhandlingar er at aktørane er mest muleg likeverdige, jf Jensen (1986).  Om ikkje vil den som har størst makt kunne tvinge dei andre, og då er det eigentleg ikkje forhandlingar som pågår. Forhandlingsresultata inneber vanlegvis kompromissløysingar, og det er viktig at desse ikkje får eit for kortsiktig og snevert perspektiv.  For den delen av slike samarbeidsprosjekt som partane får ansvar for, kan dei ha mulegheiter for å drive kommandoplanlegging. 

Den føregåande strategiske og taktiske planlegginga kan oppfattast som eit hjelpemiddel for å få til dei nødvendige avgrensingar slik at situasjonen kan oppfattast som tilstrekkeleg stabil og harmonisk for å kunne drive forhandlingsplanlegging og eventuelt kommandoplanlegging.

 
 
Kommunetorget

2020 (C) Kommunetorget

» FORUM

E-post: post@kommunetorget.no

Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 6xu2y6
(Skriv inn koden over.)